Tømrar i Bergen –
med røtene i ein planteskule i Vik
Oppdrag av variert karakter – frå enkle tilbygg til større terrasseblokker og leilegheitskompleks. Ole Arvid Balvoll har alltid likt å arbeide med tre, heilt frå tømmerhogst og sagbruk til ferdige hus og hytter.
Oppdrag i Bergen og omland
-
Tilbygg
Alt frå enkle tilbygg til større tilbygg over fleire etasjar.
-
Rehabilitering og renovering
Til dømes ei totalrenovering av eit våningshus i Vik: nytt tak, nye vindauge, ny kledning og oppussing inne.
-
Hus og hytter
Bygging av hus og hytter – mellom anna eit stølshus på Vikafjellet.
-
Større bygg
Arbeid på større terrasseblokker og leilegheitskompleks.
-
Utbetring
Vi har teke over fleire oppdrag der arbeid måtte gjerast om etter dårleg utføring, og har bygd opp god kompetanse på nettopp det.
Prisoverslag eller fastpris – og ein dato for oppstart
Du ringjer Ole Arvid
Vi ser på oppdraget
Du får pris og startdato
Frå eigen skog til stølshus
Stølshuset på Vikafjellet vart ført opp med material frå eigen skog og eiga tømmersag.
-
Skogen
-
Tømmersaga
-
Stølshuset
Illustrasjonsfoto
«All material produsert ut ifrå eigen skog og eiga tømmersag.»
Andre oppdrag i Vik: ei totalrenovering av eit våningshus, og eit tilbygg i tre etasjar til driftsbygningen til Balvoll Planteskule.
Årringane – Balvoll Planteskule sidan 1800-talet
Kvar ring i stammen er eit kapittel i historia til planteskulen. Den inste ringen er den eldste.
-
1800-talet
Arne Balvoll startar planteskulen i Vik.
-
Tidleg på 1900-talet
Kontrakt med Bergens Skogselskap om skogplanter.
-
1955
Kontrakt med Sogn og Fjordane Skogselskap.
-
Seint på 1960-talet
Planteskulen leverer opp mot ein million planter.
-
1980
Produksjonen går over frå barrot til plugg.
-
1994
Kontrakten med Skogselskapet vert sagd opp, og planteskulen held fram som privat skogplanteskule.
-
I dag
Ole Arvid Balvoll driv tømrarverksemd i Bergen og omland. Verksemda har seks tilsette.
Sortimentet har mellom anna vore gran (Picea abies), furu (Pinus sylvestris), fjelledelgran (Abies lasiocarpa), sibirlerk (Larix sibirica) og svartor (Alnus glutinosa).
Ei fjelledelgran av eige frø vart så annleis at dei kalla varieteten Abies lasiocarpa «Balvoll».
Ole Arvid
Ole Arvid Balvoll er tømrar og utdanna gartnar og hagebruksøkonom. Byggfaget i Bergen er hovudnæringa, medan røtene – og planteskulen – er i Vik i Sogn.
Kontakt
Har du eit oppdrag du vil ha pris på? Ring, så tek vi ein prat.
950 62 934- Forretningsadresse
- Kollbulia 8, 5124 Morvik
Vis i kart - Arbeidsområde
- Oppdrag i Bergen og omland
- Planteskulen
- 6893 Vik i Sogn
- Org.nr.
- 969 822 318